Sikkerhetskurs for fiskarar.
Sikkerhetskurs vert vidareført i eit samarbeid mellom Troms Fylkeksommunne og Redningstjenesten.
Meir informasjon finn ein på denne linken.
http://www.tos-mar.vgs.no/SOFF/Seilingsplan2012/tabid/1412/Default.aspx
Vinnarane av dokumentarprosjektet ved YHU er kåra
I tilknyting til Næringslivsveka ved Ytre Herøy Ungdomsskule (YHU), som vart arrangert i veke 42, inviterte OKfisk 9. klassingar til å delta på eit dokumentarprosjekt. Deltakarane vart delte inn grupper, som fekk i oppgåve å besøkje eit oppdrettsanlegg og formidle det dei såg og lærte der gjennom ein dokumentarfilm.
19 elevar var med på prosjektet og fire engasjerte grupper besøkte fire anlegg i området: Marine Harvest sine anlegg på Flø, Jøsok og Eggesbønes og Villagruppen på Moldtustranda. I løpet av Næringslivsveka fekk dei bruke tid på å redigere materialet, samt hente inn informasjon om oppdrettsnæringa som dei kunne bruke på skulen si "Yrkesmesse". Oppdrettsstanden vart kåra til å vere den beste, i sterk konkurranse med maritim industri, frisør og helse og sosialfag.
Deltakarane fekk jobbe vidare med dokumentaren fram til slutten av november. Engasjementet og ambisjonane var høge. Ei gruppe fekk tekniske problem vi beklagelegvis ikkje klarte å løyse, men tre gode bidrag var med i konkurransen.
20. desember møtte OKfisk og Jim Strømberg, driftsleiar på Marine Harvest, opp på skulen for å vise bidraga og annonsere vinnaren. Jim poengterte at oppdrettsnæringa er ei spennande og etter kvart godt betalt næring - som er på jakt etter flink ungdom! Han oppfordra difor ungdommane til å ta kontakt om dei vil ha sommarjobb eller utplassering.
Vinnarlaget hadde produsert ein svært god dokumentarfilm som viste produksjonen av laks - frå merde til filet. Filmen vert lagt ut her på heimesida vår på nyåret.
Opplæringskontoret for Fiskerinæring og Sjøfart ynskjer alle - God jul !
Glimt frå Rekrutteringsleiren 2011
Rekrutteringsleiren 2011 vel gjennomført !
I veke 45 arrangerte OKfisk ein rekrutteringsleir for 18 nysgjerrige tiande klassingar på Søre Sunnmøre. Med tilhaldsstad på idylliske Runde Kystleirskule ytst i havgapet, vêrgudane på vår side og eit svært spennande program, låg alt til rette for ein opplevelsesrik leir.
Ni gutar og ni jenter, frå Ytre og Indre Herøy, Hareid, Ulsteinvik, Folkestad og Vartdal, fekk vere med på eit tettpakka program over tre dagar. Deltakarane fekk mellom anna besøke eit utval bedrifter i kommunen, høyre spennande foredrag og dissikere fisk på Runde Miljøsenter, besøke leiar i Herøy Kystlag Robert Voldnes i historiske lokale, drage garn, vere med Redningsselskapet på øving og prøve seg som sjømatkokkar på kjøkenet.
Ungdommane ga uttrykk for å vere svært fornøgde med opplegget og konstaterte at dei hadde lært mykje om fiskeri og havbruk i løpet av få dagar. Fleire var overraska over spekteret av ulike yrke relatert til marin sektor, og hadde ikkje trudd ein kunne jobbe med så mykje forskjellig relatert til fisk. Deltakarane vil informere medelevane sine om det dei har lært, når dei er attende på skulane sine.
OKfisk takkar deltakarar for godt lag, og bedrifter og andre aktørar for svært godt samarbeid. Dette freista til gjentaking!
Påmelding av kurs
Har du lyst på utveksling i læretida di?
Vi kan i samarbeid med lokale bedrifter og skular tilby inntil 12 vekers utplassering i London, Barcelona eller Leipzig med stipend for alle utgifter til reise, opphald og språkopplæring gjennom "Seafood for learning". Vil difor oppmode alle som kan være interessert i dette om å ta kontakt. Dette tilbodet gjeld unge arbeidarar og lærlingar som vil lære meir om sjømat og norsk maritim industri.
Ta kontakt med oss for meir informasjon om tidspunkt og stad. Vi har lagt ved link til tidlegare reiseopphald.
Det gode liv på hav og land!
Vi kan no presentere eit multimediaverktøy for dei som ynskjer å lære meir om arbeid og trivsel på Søre Sunnmøre.
Test din karriere her og sjå video frå arbeidslivet.
Nedanfor finn ein foredraga som vi brukar på ungdomskulane i vår satsing mot skulane.